Sunnfjord Hørsel og Språk

Sunnfjord Hørsel og Språk blei oppretta i 2015 og har kontor i Florø.

Som audiopedagog tilbyr eg tenester til dei;

  • som har nedsett høyrsel
  • som har utfordringar knytt til høyrsel og kommunikasjon
  • eller som har andre utfordringar knytt til lyd og øyre

Som privat audiopedagog har eg avtale med HELFO og får alle honorar frå dei. Du betaler ingen eigenandel. Behandlinga er altså GRATIS for deg som blir tilvist.

Lege – fastlege eller Øyre-Nase-Hals–lege, må tilvise og må ta med relevant diagnose.

Alle som har utfordringar knytt til høyrsel og høyrselstap kan bli tilvist audiopedagog og har rett til behandling. Det kan f.eks. være:

  • deg som har behov for å snakke om høyrselstapet og få meir kunnskap om dette
  • deg som strever med å bruke høyreapparata
  • deg som har behov for anna høyrselsteknisk utstyr
  • eller strever med å bruke høyrselsteknisk utstyr
  • deg som har utfordringar i ulike kommunikasjonssituasjonar og ønsker å lære strategiar for å takle desse betre
  • deg som plagast med å handtere lydar av ulike slag

Retten til å få tenester frå audiopedagog er heimla i Folketrygdlova § 5-10 og Forskrift (Klikk her for lenke til forskrifta) og Rundskriv til denne paragrafen (Klikk her for lenke til rundskrivet).

Brosjyre Sunnfjord hørsel og språk (PDF – A4)
Brosjyre Sunnfjord hørsel og språk (PDF – A5)

Første konsultasjon skal helst være ansikt til ansikt mens oppfølging kan skje på telefon eller video, dersom det er mest hensiktsmessig.

Her finn du oss

Sunnfjord hørsel og språk har kontor i 3.etasje
Inngang nord

Sunnfjord hørsel og språk

Postadresse:
Karen Marie Elvik Svoen
Solheimlia 2
6908 Florø

Telefonnr.: 975 78 715
Epost: km.audioped@gmail.com

Besøksadresse – må avtale time:
Adresse: SMS-senteret (3.etg.),
Hans Blomgate 39,6905 Florø