Blodbanken
Vi er ein tappestasjon i Helse Førde og driv arbeid ut mot blodgivarane i området. Vi er to bioingeniørar tilsett i blodbanken i ca. 60 prosent stilling kvar.
Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig. Mange pasientar kan ikkje overleve utan blodoverføring. Desse pasientane er avhengige av hjelp frå blodgivarar.
- Vi driv med informasjon ut mot publikum
- Rekruttering av blodgivarar
- Registrering av nye blodgivarar
- Kontroller blodprøvar
- Tapping av blodgivarar
Dersom ein ønskjer å melde seg som blodgivar kan du gå inn på www.Giblod.no eller kontakte oss på telefon.
Her finn du oss
Blodbanken har kontor i 2.etasje
Inngang nord
Blodbanken
Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 577 51 152
Opningstider: tirsdag, onsdag og torsdag 07:30-15:30
Nettside: https://helse-forde.no/steder/floro-sms-senteret