Audiopedagagogisk behandling ved Karen Marie Elvik Svoen

Sunnfjord hørsel og språk vart oppretta i 2015 og tilbyr tenester til dei som har redusert hørsel, har vanskar eller ein sjukdom knytt til hørsel og/eller har tale- og kommunikasjonsvanskar.

Retten til å få tenester frå audiopedagog er heimla i Folketrygdlova § 5-10. Forskrift og rundskriv til denne paragrafen utdjupar at ”svikt i hørselsfunksjon som har medført språk– og kommunikasjonsvansker, kan medføre behov for audiopedagogisk behandling”.

Behandling hos privatpraktiserande audiopedagog kan bl.a. vere:

  • Informasjon — f.eks. om hørselstap og konsekvensar
  • Samtale og rettleiing — hjelp til å komme vidare
  • Opplæring og trening — f.eks. hjelp til å klare og bruke tildelt utstyr (høyreapparat og hørselsteknisk utstyr)
  • Lyttetrening — f.eks. ved tilvenning til høyreapparat eller cochleaimplantat (CI)
  • Opplæring i munnavlesing
  • Oppfølging og motivering — f.eks. i tilvenningstida og i forhold til deltaking
  • Opplæring i høyretaktikk — strategiar for god kommunikasjon i ulike samanhengar og ulike lyttemiljø
  • Rettleiing for deltaking i arbeidslivet
  • Språk- / taletrening for born (og vaksne) — primært hørselshemma og CI

Kontakt

Karen Marie Elvik Svoen
Solheimlia 2
6900 Florø

Telefon: 97 57 87 15
E-post: km.audioped@gmail.com

Kontor i Førde og Florø
(kan og ta konsultasjonar på telefon eller Skype)

Brosjyre Sunnfjord hørsel og språk (PDF)

Her finn du oss

Sunnfjord hørsel og språk har kontor i 3.etasje
Inngang nord

Sunnfjord hørsel og språk

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 975 78 715
Epost: km.audioped@gmail.com
Opningstider: Etter avtale