Smertepoliklinikken

Tverrproffesjonelt tilbod til pasientar med langvarige ikkje maligne smerter, Seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering.

Poliklinikken yter tenester til og for pasientar med smerteplager med kronisk preg, eller fare for kornifisering. Tilbodet bygger på velkjente og anerkjente metodar for undersøking og tiltak, samstundes som tilbodet vert tilpassa den einskilde sitt behov. Smerter vil for mange i vesentleg grad forringe livskvalitet og funksjon, noko som tilseier at vurdering og tiltak må romme kroppsleg og fysiske helse så vel som livssituasjon og mental helse. For å sikre breidde i vurdering og tiltak er det i poliklinikken tilsett lege, psykolog, fysioterapeut, sosionom og sjukepleiar. Ved behov vil andre med nødvendig spesialkompetanse verte konsultert.

Tilvising og forløp

For å komme til oss treng ein tilvising frå lege. Helst frå fastlege som kjenner pasienten godt, og som kan delta i samarbeid knytt til aktuelle behov. Det er ei uttalt målsetting at behandlingsperioden skal vere avgrensa og kompakt utan fleire  konsultasjonar og reiser enn tenleg.

Alle pasientar vert kontakta innan 10 dagar etter motteke tilvising for avklaring av behov, og avtale for oppmøte / undersøking. Dei tilviste vert bedne om å fylle ut relevante spørjeskjema før oppstart. Om naudsynt tilstrebar vi å kunne tilby ambulante tenester slik at vi kan bistå lokalt, der pasientane bur. Saman med pasienten vil vi (tverrprofesjonellt team) gjere avtale om tiltak og oppfølging. Avhengig av lokale forhold vil delar av behandlinga kunne finne stad i heimkommunen.

Alle pasientar vil etter undersøking vere sentrale aktørar i drøfting av vidare undersøkingar, behandling og eventuelt andre tiltak. Ved avslutning av behandling vert det gitt ei tverrfagleg tilbakemelding om funn og forslag til oppfølging. I tillegg til fastlege / tilvisande lege kan pasienten invitere med andre i denne tilbakemeldinga. Dette avslutningsmøtet kan vere på video.

Målgruppe

Pasientane kan ikkje forvente å verte smertefri. Hovudfokus vil vere differensialdiagnostiske vurderingar og behandling for reduksjon av smerteplager og auke i livskvalitet og funksjon. Dette gjennom aktiv deltaking og medverknad i behandling og tiltak tilpassa den einskilde pasient. Vi vil ikkje berre ha fokus på smertene, men også kva desse gjer med den einskilde og familien / born i ein heilskapleg livssituasjon.

For at du skal ha nytte av tilbod frå poliklinikken må du vere motivert for eigeninnsats og vere open for andre tilnærmingar til smerte enn reine medisinske tiltak

Erfaring og forskning viser at nokon pasiengrupper ikkje har nytte av denne typen tverrfaglege tilbod. Ved uavklarte konkrete somatiske forhold som mogleg årsak til smertene, pågåande rettssak / forikringssak, eller rusproblematikk er det best å avvente tilvising til slike forhold er oppklarte.

Kva kan vi tilby

  • Vurdere kva medikamentell behandling du har i dag, å gje råd i høve eigna medikamentelle tiltak, evt. utprøving av spesielle medikament.
  • Vurdere behov for tiltak hos fysioterapeut. Det kan og utarbeidas plan for vidare fysioterapeutisk behandling hos fysioterapeut i kommunen.
  • Vurdere betydinga av korleis psykososiale faktorar verkar inn på smerteoppleving, smerteåtferd.
  • Vurdere mental helse, samt gi råd og behandling. Dei fleste smeretpas. har også emosjonelle plager.
  • Vurdere om tilhøve i heimen kan eller bør endras for å spare krefter og minske smerteopplevinga.
  • Hjelpe deg til å finne ut kva rettar du kan ha i høve hjelp frå NAV, evt andre instansar.
  • Samarbeid med øvrig spesialisthelseteneste og førstelinje knytt til undersøkingar og tiltak.
  • Gi deg tilbod om deltaking i meistringsgruppe.

Smertepoliklinikken har ikkje tilbod om medikamentavvenning eller skriving av spesialisterklæringar. Vi gir råd til fastlegen din, og eventuelt andre frå kommunen som skal hjelpe deg vidare i kvardagen din, når du er vurdert ferdig her.

Lokalitetar

Vi held til i andre etasje i Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. Vi tilpassar timeavtalar til pasientane sin reiseveg og kapasitet til forflytning. Vi har eit eige rom med gode stolar som pasientane kan nytte når dei er hjå oss –behandlarane går til og frå.

Om du ynskjer timar over fleire dagar kan ein få refundert delar av utgiftene frå pasientreiser (pr sept 2017 kr 550,- for overnatting og 215,- i kost), reise til og frå vert også dekka etter reglane i Pasientreiser som ein finn på helsenorge.no.

Forstå smerte på 5 minutt – https://www.youtube.com/watch?v=UVt1yUkY60U

Her finn du oss

Smertepoliklikken held til i 2.etasje
Inngang nord

Smertepoliklinikken

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Postadresse: Helse Førde; Avdeling Fysikalsk medisin og rehabilitering.  Pb 1000, 6807 Førde
Telefonnr.:  577 51 000
Epost: post@helse-forde.no
Opningstider: mandag-fredag 08:00-15:30
Nettside: https://helse-forde.no/steder/floro-sms-senteret