Kinn kommune

Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er ein fagperson som:

  • Har tid til å lytte
  • Kan vere eit bindeledd mellom fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen, samt formidle kontakt med dei ulike tenestene
  • Kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing
  • Kan syte for praktisk hjelp og støtte
  • Bidrar med å legge kvardagen til rette for kreftsjuke og pårørande på best mogeleg måte
  • Har oversikt og informerer om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg
  • Er ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft, eller der barn er pårørande

Korleis ta kontakt?

Tilbodet med kreftkoordinator skal vere eit lågterskeltilbod der pasientar, pårørande, helsepersonell eller andre kan ta direkte kontakt. Kreftkoordinator kan kontaktast i alle fasar av sjukdommen, og samarbeider tett med Nettverk for ressurssjukpleiarar i kreftomsorg, fastlege, NAV, helsestasjon, heimeteneste, sjukeheim, spesialisthelsetenesta, lokale pasientforeiningar og Kreftforeningen.

Kontakt

Alle kreftpasienter, som har eller har hatt kreft og deres pårørende kan ved behov ta kontakt med kreftkoordinator Eli Kristin Pedersen på telefon 97 99 17 96.
Kontordagar måndag, tirsdag og onsdag 08.00-15.00.

Her finn du oss

Kreftkoordinator har kontor i 2.etasje
Inngang øst

Kreftkoordinator

Besøksdresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 979 91 796
Epost: elikristin.pedersen@kinn.kommune.no
Opningstider: Mandag, tirsdag og onsdag  kl. 08:00-15:00
Nettside: https://www.flora.kommune.no/kreftkoordinator.293288.nn.html