Hudpoliklinikk

Hud poliklinikken i Florø opna i 1979 og var den første i Sogn og Fjordane. No har vi poliklinikkar i Førde, Eid, Sogndal, Lærdal og Florø – alle med legar som reiser frå Førde Sentralsjukehus.

I Florø er vi to sjukepleiarar som driv med lysterapi og sårbehandling. Ein kveld i veka er det poliklinikk med to legar.

Lysterapi er ei behandling som kan hjelpe for ulike hudsjukdomar:

  • psoriasis
  • eksem
  • vitiligo

Sårbehandling ved kroniske sår og trykksår, med ulike behandlingsmetodar:

  • pinch graft (transplantering)
  • vakum behandling
  • avanserte bandasjemateriale som fremjar sårtilheling

Utredning av hudsjukdomar:

  • allergitesting
  • psoriasis
  • eksem med hovudvekt på atopisk eksem og handeksem
  • acne
  • føflekkar med kontroll og eventuelt fjerning
  • utredning av sjeldne hudsjukdomar

Les meir på Helse Førde si nettside

Her finn du oss

Hudpoliklikken har kontor i 2.etasje
Inngang nord

Hudpoliklinikk

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 577 51 035
Opningstider:
Mandag, onsdag, torsdag og fredag 08:00-15:30
Tirsdagar er poliklinikkdag med to legar frå kl. 15:00-22:30
Nettside: https://helse-forde.no/steder/floro-sms-senteret