Flora helsestasjon

Helsestasjonstenesta sitt mål er å fremja helse og trivsel, samt å forebygge sjukdom og skade blant barn.

Helsestasjonen/ skulehelsetenesta er eit tilbod til barn og unge mellom 0-20 år med foreldre/føresette. På helsestasjonen møter du helsesøster, lege, fysioterapeut, familierettleiar og jordmor.

Helsestasjonen:

Helsestasjonen er eit tilbod til alle barnefamiliar, der de får rettleiing av jordmor, helsesøster, lege, fysioterapeut og familierettleiar. Vidare følgjer vi barnet si utvikling gjennom kontrollar ved ulik alder. Lege tilviser til andre instansar ved behov. Vi tilbyr vaksinar og tek opp tema som er aktuelle på ulike alderstrinn.

Brosjyre: Velkommen til flora helsestasjon (PDF)

Skulehelsetenesta:

Skulehelsetenesta er først og fremst førebyggande. Skulehelsetenesta sitt faste personell er helsesøster og skulelege. Skulehelsetenesta jobbar målretta med oppfølging på bakgrunn av nye og tidlegare helseopplysingar. Skulehelsetenesta gjennomfører bl.a. screening av vekt/høgdemåling med eventuell oppfølging, vaksinasjon, syn- og hørselstest, og besøk og undervisning i klassane.

Brosjyre: Orientering om skulehelsetenesta (PDF)

Helsestasjon for ungdom:

Helsestasjonen har open helsestasjon for ungdom mellom 13-20 år alle torsdagar i skuleåret kl. 14.00- 17.00 i helsestasjonslokala. Her møter de helsesøster og eventuelt lege. Tilbodet er gratis og ein treng inga timebestilling.

Svangerskapsomsorg:

Svangerskapsomsorga er ein del av den førebyggande helsetenesta i kommunen. Svangerskapsomsorga skal være eit tilbod om støtte og rettleiing i den endringsprosessen svangerskapet er. Målet er å bidra med informasjon og råd slik at det blir lettare for deg og din familie å ta ansvaret for eiga helse.

Jordmødrene i Flora har vaktteneste heile døgnet, også i helger. Jordmor har vaktberedskap for vegleiing og evt. undersøking. Dersom jordmor meiner det er trong for det vil ho følgje med i ambulansen til sjukehuset i Førde.
Ein når jordmorvakt på telefon 416 35 117

Brosjyre: velkommen til svangergskapsomsorga i flora (PDF)

Familierettleiar:

Nokre barn treng særleg støtte frå vaksne, i og / eller utanfrå heimen, nokre vaksne ynskjer hjelp til å sjå korleis dei kan støtte barn best mogeleg mens nokon ynskjer å formidle hjelp til andre. Familierettleiar kan du møte på helsestasjonen eller vi kan komme heim til deg / dykk og kan gi råd og rettleiing i høve til problemstillingar du tek opp. Familierettleiar kan saman med deg finne nye innfallsvinklar og alternative løysingar, og kan i samråd med deg formidle kontakt og samarbeid med andre hjelpeinstansar.

Reisevaksinering:

Flora helsestasjon kan gje deg vaksine mot sjukdomar du ønskjer å beskytte deg mot, for eksempel ved reise til utlandet, spesielle jobbtilhøve/-risiko, eller dersom du framleis ønskjer å beskytte deg mot sjukdomar du vart vaksinert mot som barn som for eksempel difteri/stivkrampe/kikhoste/polio. Ønskjer du slik vaksinasjon, må du ta kontakt med helsestasjonen i god tid før du treng beskyttelse eller før avreisa til utlandet.

Skjema: Søknad omreisevaksine (PDF)

Velkommen til helsestasjonen!

Les meir om avdelinga på Flora kommune si nettside

Her finn du oss

Flora helsestasjon held til i 1.etasje
Inngang øst

Flora helsestasjon

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 577 40 004
Epost: helsestasjonen@flora.kommune.no
Opningstider: 08:30-15:00
Nettside: https://www.flora.kommune.no/helsestasjon.182455.nn.html