Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling

Førde BUP er ein del av Psykisk helsevern for barn og unge under Klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde. BUP gir helsehjelp ved utgreiing og behandling til barn og ungdom opp til 18 år som har vesentleg funksjonsfall eller symptom relatert til psykiske plager. I BUP jobbar det psykologar, legar, sosionomar og pedagogar. Vi har god kompetanse på dei aller fleste områda innan vårt fagfelt, og samarbeider tett med kompetansesenter og tredje linje/Haukeland Universitetssjukehus ved lågfrekvente tilstandar.

For å kome til behandling hos oss treng ein tilvising frå barnevernsleiar, lege eller psykolog. Dei som vert tatt i mot får då tilbod om start av behandling innan 35 dagar. Dersom lege eller behandlar ringer og presenterer behov, kan vi delta på time hos fastlege eller andre for å drøfte problemstillingar om ønskjeleg. BUP tilbyr også hastehjelp der brukar/pasient kan kome til oss for rådgjevande samtale på kort varsel.

Førde BUP disponerer tre kontor, eit behandlingsrom og har tilgang til møterom på SMS. Kontora er ikkje betjent på full tid, BUP kan kontaktast på telefon 5783 9207.

Les meir på Helse Førde si nettside

Her finn du oss

Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling har kontor i 3.etasje
Inngang nord

Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 57 83 92 07
Opningstider: Kontora er ikkje betjent på fulltid, kontakt oss på telefon.
Nettside: http://www.helse-forde.no/no/OmOss/Avdelinger/psykisk_helsevern_for_barn_og_unge/Sider/default.aspx